Jomfru Morgonsoli og andre eventyr

289,00 kr

Boka er ei ny, illustrert og språkleg modernisert utgåve av Folke-eventyr frå Flatdal, utgjeve på tradisjonell seljorddialekt av Norsk Folkeminnelag i 1929, basert på Moltke Moe sine oppteikningar frå 1878.

Illustrasjonar: Ånond Versto

Etterord: Olav Solberg

Grafisk formgjeving: David Telnes Fjågesund

Sidetal: 91

ISBN: 978-82-999818-2-8

Antall:
Legg til i handlevogn

Ettersom Moltke Moe samla eventyra i Flatdal (Seljord), valde forlaget ein Flatdal-kunstnar, Ånond Versto, som laga ti svart-kvitt-teikningar som står godt til den fantastiske og ofte surrealistiske stilen i eventyra. I tillegg produserte han både omslaget og smussomslaget som originale tresnitt, trykte på pressa til bestefaren, Terje Grøstad, i Flatdal. Desse tresnitta vart så nytta av bokbindaren. Smusstittelsida er ein scanna versjon av tresnittet som er nytta på smussomslaget. Bokformatet er middels stort for at illustrasjonane skal kome til sin rett, og det er nytta eit godt 115-grams Munken cream-papir, som omslag og smussomslag òg er trykte på.